Fjeld ved Herjolfsnæs (Ikigaat). Foto: Ivars Silis
Fjeld ved Herjolfsnæs (Ikigaat). Foto: Ivars Silis

Vardlokur

Inger Bråtveit

Norsk forfatter født 1978, debuterede i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. Inger Bråtveit blev nomineret til Kritikerprisen for sin anden roman Siss og Unn i 2008. Hun har modtaget flere litterære priser, bl.a. Nynorsk litteraturpris, Bjørnsonstipendet og Bergensprisen. Hun har endvidere udgivet en dialogisk digtsamling Loveprosjekt (2009) sammen med den svenske forfatter Cecilia Hansson og børnebogen Kven er snillast av mor og far? (2012). I 2015 kom romanen Alice A4, som hun blev nomineret til Ungdommens kritikerpris for.

Bråtveit arbejder tillige som oversætter og gendigter og underviser som skrivelærer ved Danvik Folkehøyskole og Litterær Gestaltning.

 

I høgheia, over høgspentmasta piskar regnet mot snaufjellet som snart er fritt for lav.
Like oppunder fjellet står to sølvgrå furuer kveila saman.
Kor gamle dei er, veit ingen.
Trea er impregnert av si eiga kvae
stammen er vriden oppover,
i eller mot sin vilje.

 

Vatnet er brunt av frigjort tannin.
¤¤Før frosten, i november er det brunfarga myrvatnet
¤¤¤¤nede i ein pH-verdi på 3, 5.


 

¤I tusen år kan planterestane liggja under torva utan at dei vert brotne ned.
¤¤¤Temperaturen i lufta er låg, det er temperaturen i myrvatnet òg.
¤¤¤¤Bakteriane bryt ned celler og vev.
¤¤¤¤¤¤Feittlaget gir isolasjon.
¤¤¤¤¤¤Det sure miljøet hjelper .

¤Brureslepet ligg kapsla inn mellom indre organ,
¤¤¤¤innvolar og andre blautdelar,
¤¤¤¤¤festa til undergrunnen med greiner
¤¤¤¤¤¤¤¤stokkar og risverk.

¤¤¤Fosteret liknar ein oppkrulla sjøhest.
¤¤¤¤Porene er opne, blodkara under augeloka vitra vekk.
¤¤¤¤¤¤¤Skjelettet er mjukt som viskelêr,
¤¤¤¤¤¤underhudsfeittet omdanna til voks.
¤¤¤¤¤¤¤Dekalkifiseringa har starta
¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤sin siste etappe.

 

¤¤Håret hennar, under krona
¤¤meterlangt,  utstrekt
¤¤¤¤fletta i fiskebeinmønster
¤¤¤steg for steg
¤¤¤¤¤av sterke kvinnehender
¤¤¤rennande¤ gjennom
¤¤¤tider i elvestraumen
¤¤¤sin levande tale
¤¤¤etter at teikna
¤¤¤¤har samla seg, i den kvite toppen av skum:
¤¤¤¤I hesten ei kvinne, ei brur
¤¤¤¤¤skrumpa inn og falda ut
¤¤¤¤¤¤under celler   atom
¤¤¤¤bringebærfrø, feitt- og bindevev
¤¤¤¤mjølkekanalane sin membran
¤¤¤¤¤¤månesafta kvit og gul
¤¤¤¤¤¤speglar seg i
¤¤¤¤¤vippande myrull
¤¤¤¤dunkledde nikk
¤¤¤¤mot fjordens
¤¤¤¤¤areola mamme
¤¤¤¤¤¤voggande nedover
¤¤¤¤¤¤¤lik songen sin
¤¤¤¤¤¤¤¤nedsøkkte
¤¤¤¤¤¤¤¤navlestreng
¤¤¤¤¤¤¤¤frå solkverv til solkverv
¤¤¤¤¤¤¤¤over høgheia
¤¤¤¤¤¤¤¤blømande røsslyng
¤¤¤¤¤¤¤¤dansegolvet midt oppå
¤¤¤¤¤¤¤¤snaufjellet der vasskilet
¤¤¤¤¤¤¤¤renn ned på kvar si side
¤¤¤¤¤¤¤¤og ho og han ikkje kan ta augo
¤¤¤¤¤¤¤¤frå kvarandre i kveld.
¤¤¤¤¤¤¤¤Stega går over blankskura flater,
¤¤¤¤¤¤¤¤i takten frå
¤¤¤¤¤¤¤¤uroa sin lydande
¤¤¤¤¤¤¤¤munn: ekkoet
¤¤¤¤¤¤¤¤smell
¤¤¤¤¤¤¤¤frå fjellside til fjellside
¤¤¤¤¤¤¤¤ropar om å riva
¤¤¤¤¤¤¤¤reinska røska
¤¤¤¤¤¤¤smelta brenna
¤¤¤¤¤¤¤breen ned
¤¤¤¤¤¤¤lesa ofringar
¤¤¤¤¤¤¤lova si flammande tunge av
¤¤¤¤¤¤¤under vatnet som fossar
¤¤¤¤¤¤¤renn susar
¤¤¤¤¤¤¤gjennom sprengde
¤¤¤¤¤¤¤røyrgata i tunnellen
¤¤¤¤¤¤¤inni fjellet
¤¤¤¤¤¤¤over skaret der ein enno,
¤¤¤¤¤¤¤under steinhidleren
¤¤¤¤¤¤¤ein stavstill sommarkveld
¤¤¤¤¤¤¤kan høyra barnegråt

 

¤¤¤¤¤¤¤Vassføringa er stor, for no er det vår
¤¤¤¤¤¤¤fossen faldar seg ut i sitt kvitaste
brureslør,
¤¤¤¤¤¤¤Hesten står roleg, ho sit stø i salen
¤¤¤¤¤¤¤stirer på flak etter flak
¤¤¤¤¤¤¤av fallande massar av vatn

 

¤¤¤¤¤¤Å skilja flaka frå kvarandre, å fylgja eitt og eitt
fosseflak
¤¤¤¤¤¤¤til dei klaskar i kvite sundt i steinura.

 

¤¤Andletet er utydeleg¤¤ augne er oppløyst
¤magen¤ bular¤ munnen¤ har¤ trekt¤ seg
¤¤attende¤ meir¤¤ gapande¤¤ enn¤ før.

¤¤¤¤¤det  er som det låg ein  køyvd  smertesvevn  yvir  heile
ho


 

 

 

¤¤¤¤¤I  skrik, svevn og tale  rir  ho gjennom
¤¤¤bølgjande vidder   blodige greiner
¤¤¤¤i sjumilsfart¤ til endes av
¤¤¤¤utstrekte¤ hender¤ oppslitne senar
¤¤¤¤¤langs eit tvo Milir langt Vatn
¤¤¤¤¤¤som smøygjer og tøygjer og krøkjer seg fram
¤¤¤¤¤¤¤millom bratte svarte Fjell
¤¤¤¤¤¤¤¤so midelvegs
¤¤¤¤¤¤¤¤millom Sjøen og Skyi
¤¤¤¤¤¤¤der ropet¤ høyrest etter henne
¤¤¤¤¤¤¤¤i  ein     atterljom



 

¤Så, til deg, du Brur i bortgøymde Myr,
¤¤¤der  Ramnar beitar og Heilo krinsar.
¤¤Til deg, og dei voggande Myrull, i kanten av spegelblanke
¤¤¤¤¤¤¤Vassoverflata
¤¤der Insekt sviv, Bobler stig & Gule Lauvet
¤¤¤ligg og duppar over dei nedsøkkte syndene,
¤¤¤¤kjærteikna og draumane dine.
¤¤¤Til deg, du som laut lata Livet og som gav ditt Liv,
¤¤¤¤¤¤¤¤i sprengde Notti
¤¤¤¤Til deg, til Dimd og dulde Draumars teikn me no lyda skal.
 

¤¤Ein fjordingbeite, ein sein sommarkveld
¤¤sette foten forkjært rundt midnattsbel
¤¤og frådande gjennom tid og rom
¤¤han fall og gjekk
¤¤i Trót og paa Tjorn
¤¤over fjella
¤¤der lyset driv etter tunge
¤¤skogar, talrike vatn
¤¤bratte, vassblanke fjellsider
¤¤kraftkorridorar, kartlav
¤¤dyrka landbruksareal, sedimentære jordartar
¤¤lausmassar, kvartsaktige ørsmå steinar,
¤¤blautdyrskallar, svarte skjell, purpursneglar
¤¤singel og grus, blankpolerte Pickuppanser
¤¤med tjukke lag av metallic overcoat
¤¤frontlykter, skulebøker, synålshovud
¤¤speedometer, vegskilt, betongforskalingar,
¤¤snøpartiklar, refleksbrikker, aggregat,
¤¤bensinstasjonar, vardar,
¤¤ramnevengjer, autovern
¤¤inn mot utsprengde tunnelar
¤¤der feittsvevnen ein gong låg kapsla
¤¤inn av fråstøytte sengeblomar
¤¤marikåper, kvitskimrande
¤¤lik treeininga der også
¤¤den Andre sitt Andletet
¤¤lyser framand og ukjend
¤¤på ein og same gong
¤¤og Han, Gud fader på trona
¤¤¤med sonen
¤¤¤ved si høgre side, ser duva fyka
¤¤¤tvers gjennom det utskorne
¤¤¤engleandlet i tre
¤¤¤limt inn under
¤¤¤bilete og evangelistsymbol:
¤¤¤Mennesket, løva oksen og ørna
¤¤¤skogen turkar umkring vår kyrkje
¤¤¤helveti er nær, under kyrkjetrappa, altartavla:
¤¤¤kvite mannebein, hår, naglar,
¤¤¤uviglsa jord, steinar, turka gras
¤¤¤kuhår og saueull i kruthornet.



 

¤¤¤Dateringar ved radiokarbon -metoden
¤¤¤undersøkingar gjennom  røntgenbilete
¤¤¤¤¤analysar av tarminnhald
¤¤¤¤¤¤planterestane sine klåre indikeringar
¤¤¤¤¤¤¤¤på livskår, religiøsitet og kosthald.

¤¤¤¤¤¤Dei hadde bunde henne fast i salen
¤¤¤¤¤¤i brurekjolen sat ho og sjaga
¤¤¤med sløret gjennomvått på slep.
¤¤¤¤Blodtørstige ramnar
¤¤var hennar   brurekrone, det bobla der nede
¤¤¤¤¤¤ifrå det lagdelte,   ein tungetale,
¤¤¤¤lokkande,   med   fylgjande    beskjed:
¤¤Kom inn i mitt rike, stig ned i meg:
¤¤¤¤Lu lu Vulva, bedekk meg

 

Verken frost eller snø kan nokon gong døyva hennar  rop.
For frå fjorden stig ropet opp, slår att og fram mellom fjellsidene.